SandyPizza

Har endelig fått laget oppskrift til pizzaen min. Mange har spørt etter den, og her kjem den:

Pizzadeig - Kan bruke ferdig deig, pitabrød etc eller en enkel oppskrift:

1 pk gjær

4 dl lunka vatn

1 ts salt

1 ss olje

ca 6 dl mjøl - tilpasses til en jevn deig

 

Pizzafyll:

400gr kjøttdeig

1 løk

1 og 1/2 dl melk

8 ss ketchup

1 og 1/2 kjøttbuljong av Maggi (må finhakkes)

2 ts gastromat

2 ts paprikakrydder

1 ts piffikrydder

1-2 ts pepper (smak til)

 

Brukar å la deiga heve medan eg lagar fyllet.

Steik kjøttdeiga - ha i hakka løk

La dette surre litt før du tilsetter melk og kethup.

Bland sammen og tilsett krydder. Viktig at buljongen blir finhakka/smuldra for å unngå store bita med kryddersmak på pizzaen!

Har aldri i salt, pga mykje salt i buljong, gastromat og piffi.

Brukar alltid kethcup fordi her er sukker i (brukar ikkje den sukkerfrie!!)

Bakar ut deigen og har på fyllet - avslutter med 4 oster fra Tine? 

Steikast i midten av ovnen på ca 200 grader i 10-15 min.

Nytt mål - Gjennomført

Når eg gjekk på frisørskule i Bergen, hadde vi fargekurs med L'oreal. Då fekk eg høyre om ei ekstra utdannning ein kunne ta som frisør - colorist. Eg sendte melding til pappa med en gong eg var heime fra skule, å skreiv: Eg vil bli colorist!

Dei siste månadane har eg halde på med colorist utdanning, for ei veke sidan hadde eg eksamen, og den vart bestått med glans! Derfor kan eg no smykke meg med tittelen Redken Certified Haircolorist! Det er ikkje så mange andre som har muligheita til. Det er nemleg slik at veldig mange styrker på denne eksamenen. Så det var veldig deilig å få telefon mandag med beskjed om at eg hadde bestått! :-) 

Kva blir neste? Ikkje veit eg, no skal eg iallefall nyte tida som colorist framover, å gjere alt eg kan for å få fornøgde kundar! :-)

GOD PÅSKE til ALLE! :-)

 



limited time only



Yes I can!

Siste tida har vore travel. Det har vore litt trening, og enda meir jobbing. Med andre ord, tida har gått veldig raskt i det siste. Mandag 28.november spelte eg min første handballkamp på nokre år. Dessverre var det mot Volda som er en del bedre, så det endte med tap. Eg bytta meg ganske raskt ut, da eg følte eg ikkje hadde heilt dagen, men rakk å få ei strafferedning og et par andre redningar før eg gikk av bana. Kjekt å få bli med å spele igjen iallefall :-)

På tirsdag 29.november endra eg status fra lærling til frisør! Så etter mykje skriving og forbereding et par veker i forkant, er altså svennebrevet i boks! Kjempedeilig! :-) Og no er det allerede blitt desember, og snart klart for 1årskontroll - litt forsinka, men bedre seint enn aldri. 12.desember reiser eg nedover til Oslo, dessverre med fly. Lika ikkje det så godt på denne tida, men foreldra nekta å la meg kjøre aleine heile veien til Oslo. Så her gjelder det å krysse fingrane for at flyet ikkje ramlar ned :-) 

Ellers er listene nærmast fulle siste vekene før jul med meg, har bare nokre få ledige timar igjen, så det går nok unna resten av desember. 

I dag blei det baking av julekaker, og klipping av Kira. Ho har spart til julesløyfe, men i dag såg augene veldig betente ut, så da var det ikkje noko å vente på. Om ca en time begynner VM for damene også, noko som eg verkelig ser fram til! Det blir stas - Heia Norge!

God helg!

Sandra

 

 

September (pluss juni, juli og august)

No er det 11 mnd siden denne bloggen blei oppretta, og på denne tida i fjor, var eg rimelig gul over heile kroppen. Mykje har skjedd siden siste innlegg i påska. I sommer var vi tilbake i Tyrkia i 3 veker, superdeilig! Eg har vore i Bergen på Rihanna-konsert, i Eikefjorden på Jahn Teigen-konsert og på Båtfestivalen i Ålesund.

Det siste nye som no har skjedd, er at eg har funne fram handballskoa! Var på trening sist mandag, og har hatt gangsperre i snart ei veke.. Trudde forma var heilt ok, men der tok eg grundig feil altså. Det var så gøy på treninga, at eg bestemte meg for at dette skulle eg fortsette med. :) Hadde egentlig innstilt meg på at det ikkje vart noko meir handball på meg etter den siste sjukehusrunda, men den som vil, den kan! 

Ellers er det godt å få litt venninner heimigjen på besøk. Birgitte er heime denne helga, og neste fredag tar Sara turen :-) Vurderer også å ta turen til Bergen igjen 8.oktober, og 15.oktober reiser eg og Siri til London! Jiha! Der skal vi besøke Annemosk, som har flytta dit for å studere. Turen blir selvfølgelig kombinert med hårmessa Saloninternational2011 !! Kanskje det eg ser mest fram til :) 

Etter heimkomsten blir det tett program med jobbing fram mot svennebrev, men eg skal også sammen med min gode venn og tx-kollega Tore stå på stand på Blåhuset, 22.oktober for Stiftelsen Organdonasjon! Stikk innom! :)

Er også på jobb nesten kvar dag, så tida går fryktelig fort her. Plutselig er det jul igjen!

Sandra :)

 

Påske

No har det vore dårlig med blogging siste tida. Eg har rett og slett hatt så mykje å gjort. Noko som også er veldig positivt. Jobbinga har blitt opptrappa betraktelig - og det går fortsatt veldig bra, i tillegg er det jo mykje som skjer i Påska, med både familiesamankomster og venner som vender nasa heim. I Bergen var det fantastisk å vere, nest siste dagen vart det kalendargave, Bjørnar and Sandys day of fun. Bjørnar hadde virkelig stått på for å legge alt til rette, og endelig var det min tur å få prøve CURLING! Eg har jo sittet våken mange netter, for å få med Pål Trulsen, Dordi, Thomas Ulsrud, men også Canadiske Kevin Martin. Curling kan virke som en kjedelig sport, for dei som ikkje har følgt med så mykje, og ikkje kan reglane. MEN når en har lært seg dei, og har sett litt, er det ikkje vanskelig i det heile tatt å stå opp klokka 5 om natta for å få med en viktig kamp, som kanskje kan vare i 4-5 timer. På bildet ser vi meg sjølv, i djup konsentrasjon! Tippa den steinen gikk rett ut. Ønsker også å benytte anledningen til å takke Bjørnar, for en av dei beste dagane i mitt liv! :-) I tillegg, en stor takk til både Ellen og Bjørnar som opna opp heimen sin for meg! Vi kosa oss veldig! :-)







Eg visste på forhand at curling er en vanskelig sport, men tenkte kanskje eg kunne vinne på taktikken. I tillegg var eg sikker på at eg skulle sende steinane rett i veggen, over den 45meter lange bana. Hmm.. Sjølv om det er glatt, og steinane veg i underkant av 20kg, vart det mest centerguarder på meg. For dei som ikkje veit kva det er, er det steinar som blir satt på midten av bana omtrent, for å skjerme steinar som ligg inn i boet. Overvurderte nok mine egne krefter her ja..

Å for dei som trudde dette var en pysesport.. Get out of town! Her er beviset!

Stor blåkul på kneet ja! Og i tillegg ei kjempegangsperre i lår og skulder. Curling er ikke for pyser!!! ;-)

Dagen før curling, fikk eg også kalendergave med Sara og Sverre. Vi var på We love the 90s konsert, som også var veldig gøy! :-) I tillegg til E og B, var også Birgitte med oss den kvelden, og sjølv om konserten for vår del enda litt tidligere enn planlagt pga dårlig arrangement av Bergenserane, hadde godgjengen det som vanlig supergøy på Scotsman. Tusen takk til alle som var med på å gjere oppholdet i Bergen supert! <3<3<3

Siste dagane har eg vore i bursdagsselskap til Marianne, jentefest med Lone og Trine, på besøk med Siri og Asgeir, og på biltur med Ellen (ho er heimattkoma fra Bergen, og skal vere her heilt til 16.mai - JIPPI)

I dag har eg og Kira sett Aafk vinne mot Sogndal i siste sekund. Nokon kaller det flaks, eg velger å bruke ordet fortjent. Kira valgte også å feire seieren med å pynte seg. (Dette var noko ho gjorde på eige initiativ, og gikk rundt logrande og fornøgd etterpå)


Søtingen min <3 Kjekt er det også at vi tilfeldigvis deler samme fotballinteresse! Ho er verdens beste hund <3

Vel vel, i morgon begynner kvardagen igjen. Eg skal først ned på posten å hente bursdagsgave til Sara, og deretter på jobb. Dette gleder eg meg veldig til! Ønsker alle ei god natt (håper alle sover no) Også skal det ikkje bli så alt for lenge til neste oppdatering!

Sandy

Bergen

Ja, no har eg vore i Bergen sidan mandag. Her i møllendalsbakken har vi det fint, akkurat passe tempo for meg. Deilig å ikkje stresse rundt omkring heile tida. I går var vi på quiz, kjempe gøy! Astrid, Erika, Geir, Bjørnar, Ellen og eg vidareførte Angst avd Bergen. (Bjørnar sitt gamle quizlag heime i Ulsteinvik, for dei som lurte). I morgen skal vi på konsert, we love the 90s! Noko eg gleder meg veldig til.

Akkurat no, ligg Ellen på sofaen, ho har tatt seg en liten cowboystrekk. Eg er veldig opptatt med Oprah, men tenkte å snart ta en tur på butikken. Ellers er det ikkje så mykje å melde om fra Bergen. Berre velstand!:-)

Ålesund sykehus

Eg er tydeligvis enda ikkje ferdig med rundene mine på sjukehus. På torsdag for litt over ei veke sidan, vart eg plutselig dårlig. Feberen blei målt til 39,5 og migrena var på sitt verste, litt oppkast vart det også. Dagen etter måtte eg ned på legekontoret, og crpen min blei målt til ca 170, og da frykta dei en infeksjon. Sjukehuset var då neste stopp, og her vart det tatt ultralyd, ct og mange blodprøver. Dei fann ikkje så mykje å sette fingeren på, men dei ville likevel sette meg på intravenøs antibiotika. Eg som ikkje er så glad i sjukehus, nekta sjølvsagt å overnatte, og skulle derfor komme inn igjen neste morgen for meir iv medisin. Etterkvart fekk eg også denne satt inn på sjukeheimen i Ulsteinvik, og er veldig takknemlig for at dei kjekke sjukepleiarane som jobba der, ville hjelpe til å gjere det mulig for meg å vere heime. Mandagen var det inn igjen på sjukehuset, og få vite planen vidare. Eg skulle stå på antibiotika resten av veka, men denne gongen hadde dessverre ikkje sjukeheimen kapasitet til å sette denne for meg, og då måtte eg mest sannsynlig bli verande på sjukehuset. Krise for min del! Heldigvis har fastlegen min vært svært behjelpelig, og ordnet dette på legekontoret. Er veldig takknemlig for dette!! I skrivende stund sitter eg på medisin 2 på Åse, å ventar på legen. Eg har no tatt blodprøve, og skal få vite litt om planen vidare. Forhåpentligvis blir det litt fred å få framover. I helga er planen å reise til Stryn, og på mandag har eg tenkt med til Bergen. Håper legen kjem veldig snart, eg har planar om å rekke ei ferge nemlig! Krysser fingrane for at alt skal vere bra no, sånn at eg kan planlegge litt framover...

Regionavisa på Onsdag

Legger ved link til nettutgava av regionavisa onsdag 23.mars

http://regionavisa.org/static/bibliotek/regionavisa_d4f9989000843ac.pdf

PST?!

Vel, siden eg har lovd - så for eg vel halde mitt ord......

Når eg skifta avdeling til transplantasjonsavdelinga på Rikshospitalet i midten av desember, visste eg lite om kva som skulle møte oss der. I begynnelsen var jo eg berre på rommet mitt, men etterkvart som eg begynde å gå meir og meir ute i gangen, syntes eg der var to stk som var unormalt mykje på besøk i gangen. Desse to karane som heile tida satt utanfor et rom, hadde rigga seg til med god mat, pc, tv og mykje anna snacks! Dei satt på gangen heile tida, og etter ca 12 timar, kom det to nye å bytta plass med dei. Hmm? Kva skulle dette bety? En dag observerte eg eit IDkort en av dei hadde på seg, PST - Politiets sikkerhets tjeneste. Nysgjerrig sa du? Ja DET kan eg love at eg vart.

Eg hadde igrunnen gløymt heile greia , heilt til eg kom over en artikkel i VG.

http://www.vg.no/nyheter/innenriks/artikkel.php?artid=10090866

Igrunnen litt glad for at eg ikkje visste dette før i ettertid...

 

Les mer i arkivet » April 2012 » Mars 2012 » Januar 2012
sandynews

sandynews

23, Ulstein

Er 23år gammel, Fikk diagnosen PSC, Atoimmun hepatitt og Morbus Crohn i 1997. Har vært levertx en gang for snart 3 år siden. Har nå fått diagnosen kronisk avstøtning, og står derfor på venteliste på nytt. Siden mange spør, tenkte jeg å opprette en blogg som beskriver min tid på ventelisten, og eventuelle andre ting som skjer i min hverdag.

Kategorier

Arkiv

Siste innlegg

Siste kommentarer

Lenker

hits